Sirdalsbladet Sirdalsdagane 2019

Sirdalsbladet Sirdalsdagane 2019

Tekst av: Ingvild Fagerheim Skadberg leder for Sirdal Fjellmuseum I forbindelse med Sirdalsdagene 30.august -1. september 2019

På lag med sauen

 Kunstnar Anne Helen Robberstad likar å gå i djupna av det ho driv med. Dei seinaste åra har ho hatt fokus på sau, og har vore med i det meste av arbeidet rundt sauehald og drift. «Det einaste eg ikkje har fått vore med på, er ettersanking. Det skulle eg gjerne ha opplevd» seier ho. Men utanom ettersankinga har ho altså hatt mange timar i sauefjos og til heis, og sove anføtes i tronge hytter med folk og hundar. Ho har fått sett korleis sau blir frakta over store bekkjer, og høyrt levande skildringar om brulause elvestryk. Og mot slutten har ho altså vore med å samla sauen for så og vandra ned mot store folkemengder på Kvæven.

Ho har ikkje berre samla sau, ho har og samla materiale som mellom anna har blitt ei utstilling som vart synt på kinokino forrige haust, og eit større prosjekt med Jærmuseet. I mai opna utstillinga «Sauen» på Vitengarden på Nærbø. Der kan ein sjå Anne Helen sine fotografi frå sauedrifta, film som syner året rundt med sauen og gjenstandar frå sauehald. Det er og ei avdeling for born om lemming og merking av sau samt oppdaging av sauesjukdommar. Saman med prosjektleiar Anne Jorunn Frøyen på Jærmuseet har ho intervjua samtlege heiesjefar og arkivert mykje historiar og bilete. Dette vart og gjort for 20 år sidan, da Jærmuseet hadde prosjektet «med sauen til heis», som blei ei bok med samme namn.

Kvifor denne interessa for sau? «Det er fleire ting. I forkant av dette prosjektet hadde eg i lengre tid arbeid med det sårbare landbruket i Hå på Jæren. Eg fekk snakka med fleire bønder og gå i djupna av kva som opptek dei. Også er eg interessert i dyr og landskap. Når eg søkte kunsthøgskulen søkte eg og landbrukhøgskulen». Ho trekk særskilt fram kommunikasjonen som noko som fascinerer. Helst den som skjer utan ord; fra menneskje til sau og attende. Ho har laga ein video kor leiar av Jæren smalalag, Asbjørn Haga, klypper ein sau. «Når ein ser på denne kan ein sjå at Asbjørn og sauen er som i ein dans. Han er roleg, samstundes effektiv. For meg er det mykje av det sauehald handlar om».

 Ein skulle kanskje tru at ein ville finna ei kløft mellom desse verdenane; kunstnar mot bonde. Det estetiske mot verkelege slitet. Men Anne Helen trekk fram at det ikkje er så stor avstand mellom dei som ein kanskje skulle tru, og at bøndene gjerne er dei som har tolka den abstrakte kunsten hennar bettre enn nokon. Sauemiljøet kan ho ikkje få skrytt nok av. «Eg har blitt teken imot med opne armar, fått blitt med på det eg ville, og fått stilt alle slags spørsmål. Det er kanskje det som er fordelen med å komma utanifra, ein kan spørje om alt» smiler ho.

 «Det er kyrne me lever av, men sauen me lever for» heiter det kring dei som lev med sau. Om dette utsagnet tenkjer Anne Helen at det fyrst og fremst handlar om ein stor kjærleik til dyret. Det er óg stor variasjon i arbeidet med sau, samstundes som ein lett kan inkludera heile familien i oppgåvene. Ein lev tett på naturen, og dette me å komma seg til fjells trur ho er ein enorm fridomskjensle. «Ein tek tida tilbake» seier ho. 

I ei tid der dyrevelferd er i fokus må vel sauen i Sirdalsheiene kunne seiast å ha det godt. Det er tydeleg at dette er noko kunstnaren er oppteken av. «Alt levande som får røra på seg har det betre enn det som må stå i ro», seier ho, og skulle gjerne sett enda fleire husdyr til heis. Ja, for ho insisterer på å kalla det husdyr, ikkje produksjonsdyr. «Det distanserer oss frå det, noko eg ikkje trur er bra for nokon». Ho skryt av sauen, kva for ein uvurderleg jobb den gjer med å hindra tilgroing av kulturlandskapet. «Alt heng saman med alt, og beiteområda er også truga gjennom hytteutbyggjing og vindmølleparkar. Dei som vil ha hytte i Sirdal må villa ha sauen med på kjøpet» seier Robberstad.

Også har ho nok ei viktig melding. Det handlar om den fantastiske ulla. «Dette må seiast høgt, og bøndene må vita at det er ei svært ettertrakta vare med eit stort potensiale. Me importerar mange slags ullsortar, men har tilgang til høgaste kvalitet sjøl. Bønder i dag får svært lite for ulla, så kanskje det kunne ha satsast meir på ull og avling av gode kvalitetar». Og her har ho trua på at det veks fram ei gruppe forbukarar som sett stadeg høgare krav til produksjonen. Det er difor ho også trur at sauenæringa, med drift til heis, har ei lang og god framtid. «Her er eg optimist» seier ho og vil aller helst sjå endå fleire husdyr i driftene.