Utstilling Anne Helen Robberstad

Kunstnar Anne Helen Robberstad samlar arbeid frå prosjekta ”Den svarte ulla” (2022) og ”Flokken” (2024). Begge prosjekta rettar blikket mot sauen, ulla og landskapet, og undersøkjer forholdet mellom dyret som individ, mennesket sin bruk av naturressursar og tradisjonelle handverksteknikkar.

Robberstad har arbeidd med ull frå gamle sauerasar, som spælsau og gammalnorsk sau, og brukt ulike teknikkar for å bearbeide materialet. Dette inkluderer blant anna handspinning, karding og veving på oppstadvev. Denne ulla er grovare, ofte pigmentert og har i dag liten økonomisk verdi, sjølv om ho ber med seg både kulturhistorie, materialkunnskap og nærleik til landskapet. I arbeida blir ulla sortert, vaska, karda, spunnen og vevd for hand. Slik blir eit materiale som ofte blir oversett, kasta eller brent, lyfta fram som ein ressurs – og som eit spor etter livet til sauen, vandringar og nærvære i landskapet. Video og foto er også viktige uttrykksmiddel i prosjekta hennar.

Anne Helen Robberstad
http://www.annehelenrobberstad.com/artists

Ope: 09.08, 16.08, 23.08 og 30.08.26, kl. 12.00-16.00
Gratis inngang første time på opningsdag, elles inngang kr. 30,-. Alle under 18 år gratis.
Torvhuset brukskunst er ope under utstillinga.

See less

Fotland mølle

.